I.L. Dyre Vaa 1924 – 2024.
Denne boka er eit jubileumsskrift som syner utviklinga av idretten i Rauland. Boka startar med spreke karar i siste halvdel av 1800-talet fram mot stiftinga av laget i 1924 og deretter tida fram mot vår tid i dag. Boka er dela opp på dei ulike aktivitetane i laget, så som friidrett, ulike skiaktivitetar og ball. Dette er gjort for å gjera det lettare for lesarane å finne den aktiviteten og dei utøvarane som interesserer dei. Det er også tatt med utviklinga av anlegg, trimaktivitetar og økonomi. Forfattarane er svært nøgde med at dei klarte å finne bilete av alle leiarane frå 1924 og fram til i dag. Men det sat langt inne.