Innsamling av eldre bilete.

Laget har på ny bestemt å samle inn eldre bilete. Dette blei også gjort ein gong rundt 1990 talet. Nede i Lokalhistorisk arkiv på Raulandsakademiet ligge det mange bilete frå ca 1900 og fram til 1945. Bileta på denne tida blei avfotograferte og lagra i permar, men det finst også mykje digitalt. Etter 1945 er det få bilete. Dette vil laget gjerne bøte på. Me tenkjer oss bilete frå 1940-50 åra og frametter mot år 2000. Me treng då opplysningar om kor det er, kven eller kva som er på bilete, når det er tatt og kven som eig det. Bileta blir i dag scanna og lagra digitalt der folk kan finne dei. Originalane blir leverte attende, om då eigaren ikkje vil gje det til laget. Får laget bileta, blir dei arkiverte i Lokalhistorisk arkiv. Alle interesserte har tilgang til dette arkivet og det materiellet som er ligg der, både fysisk og digitalt.

Laget tek mot bilete frå heile Vinje i Lokalhistorisk arkiv, Grotten, på Raulandakademiet kvar måndag frå kl. 1000. Arkivet er normalt ope frå kl. 1000 til 1400. Om medlemmer av laget sit der heilt til kl. 1400, kan vera litt uvisst. Er oppgangen lite og me sit er åleine utan besøk, reiser me truleg heim om me ikkje har anna arbeid på akrivet. Har de bilete og vil levere, er det fint om de ringer ein av oss. De finn tlf.nr  de kan ringe på denne heimesida øvst oppe på «Om oss». Det er berre å tak kontakt.

Vel møtt.