Kvalfangst

Tysdag 20. februar kl. 1900 fortel Sveinung Skinnarland om åra han var på kvalfangst. Dette var i andre halvdel av 1950-talet. Han har mange bilete frå denne tida. Dette blir som før på Raulandsakademiet i Vesaas-salen. Det blir vanleg opplegg med foredrag fyrst, deretter kaffe og kake i matsalen på Raulandsakademiet etterpå. 

Inngangspengar er kr 150 for medlemmer, kr 200 for dei som ikkje er medlemmer. Velkomen til ein trivleg temakveld.

                 

               Sveinung Skinnarland t.v. Her kvalfangst utanfor Afrika.                                                                               Raulendingar på kvalfangst