Kyrkjegardsvandring 2023

 Vel 100 møtte fram og deltok på kyrkjegardsvandringa på Rauland kyrkjegard 29. juli 2023. Forsamlinga stoppa opp ved fire graver der slekt eller vener fortalde om livet til desse. Desse var:

  • Svallaug Svalastoga fortalt av Ingrid Heys
  • Sigrid Lid fortalt av Hilde Lid Strømme
  • Olaus Nystog fortalt av Erik Nystog
  • Wilhelm Aakre fortalt av Signe Gardsteig

Etter kyrkjegardsvandringa var det ei kort messe ved Nina Kirkerød

Rauland Historielag står alltid for opplegget rundt kyrkjegardsvandringane, medan det er Rauland sokneråd som står for olsokgrauten på kyrkjebakken. Dette har blitt ein tradisjon som starta opp i 1996.

Dette året var veret på lag med oss på kyrkjebakken. Veret var delvis skya med ein liten bris, og ikkje ein regnsdrope.