Langs Hardingslepa

Denne haugen ligg inne på Saurflott ved Brutjønnane. Her gjekk Hardingslepa forbi på veg frå Hardanger mot marknaden i Rauland.  Kva kan dette vere? Er det berre ein jordhaug, eller kan det vere ei grav? Oppi denne står det ei flat steinhelle, tidlegare var der også ein fjølbit som stakk opp. Marknaden i Åmyri varde frå ca. 1855 og fram til 1897.