Lansering av Bitdalsboka, 2. utgåve

Det møtte fram omlag 30 personar til lanseringa av Bitdalsboka i Årestoga på Raulandsakademiet. Namnet Bitdal viser til den gode beitedalen, så i utgangspunktet har vel opphavet til namnet nettopp gått ut frå Beitedalen. Johan Vaa fortalde og synte bilete frå dalen. Det same gjorde Ottar Romtveit og dottera Margit Romveit. Desse fortalde om tida si i Bitdal heilt attende til 1950-talet. Det var då Telemark Landbruksselskap tok imot stor- og småfe drifter til beiting. Det var kjempegodt beite på dei vakre vollane vest i dalen, likeins veldig lett å gjete dyra. Det siste var eit resultat av dei bratte fjellsidene som stuper ned i dalen.

I dag er dalen i stor mot borte, slik han var. Dalen er eit offer for kraftutbyggjing og vatnet er såleis regulert opp fleire meter. Det går rett nok an å ha drifter i dalen framleis, heilt i vestenden. Men det er langt for dyra å gå inn dalen frå dammen og minst til Roleghòlet.

Boka om dalen og det som skjedde der er no i sal. De finn boka på Telemarkstunet, Handelshuset i Rauland og på Rauland Servicesenter. Boka er på ca. 180 sider med mange nye bilete og nytt stoff. Boka kjem nok på sal i bokhandlane nedover i Telemark, også før jol. Boka kostar i handelen kr 350. God jol og god lesnad.

Frå lanseringa av Bitdalsboka i Årestoga på Raulandsakademiet.