Møsstrond kyrkje 100 år

27. september var det 100 år sidan «nye» Møsstrond kyrkje vart innvigd. Den gamle brann etter eit lynnedslag i 1918. 100-årsjubileet vart feira 23. og 24. september.

I høve jubileet heldt Pål Georg Thorrud eit foredrag der han mellom anna tok for seg historien om kampen for å få bygd den nye kyrkja. På temakvelden den 17. oktober kl. 1900 kjem Thorrud til Raulandsakademiet, og vil kåsere om både den gamle og den nye kyrkja, samt ta for seg samfunnstilhøva og endringane som skjedde på Møsstrond i tida rundt førre hundreårsskifte.

Så om du ikkje fekk med deg foredraget sist, har du sjansen no!

Pål Georg Thorrud er frå Rjukan, men har hatt hytte på Møsstrond i mange år, og brukt mykje tid her. Han har skrive fleire artiklar om bygda og historien, og er også forfattar av jubileumsboka om Møsstrond kyrkje som vart lansert under jubileet.

Det er vanleg opplegg med inngangspengar og kaffe etter kåseriet. Inngangspengane er no kr 150 for medlemmer og kr 200 for dei som ikkje er medlemmer. Dette inkluderer kaffeserveringa etterpå. Alle er hjarteleg velkomne.

                 Gamle Møsstrond kyrkje, foto: Wilse 1917