Olsok 2020 på Rauland

Som så mange år før, prøvar me oss også i år med ei vandring mellom gravene på Rauland kyrkjegard onsdag 29. juli. Slekt av gravlagde vil fortelje om enkelte som ligg der. Etterpå blir det ei kort messe. Om vêret tillet det, blir grauten servert på kyrkjebakken ned mot Totak. I regn og blest må me ta kyrkjegrauten inne i benkane i kyrkja. Men me vonar på godt ver, det er så mykje trivlegare ute med sol og vass-spegelen utover Totak.

Olsok, eller Olavsdagen, er feiringa av dødsdagen til Olav den Heilage på Stiklestad 29. juli 1030. Dette er kongen som har fått æra av å ha kristna Noreg. I middelalderen, då Noreg var katolsk, var olsok ein av dei viktigaste helgenmarkeringar. På grunn av den spesielle posisjon til Olav den Heilage i norsk historie, har ein halde fast ved denne dagen som ein nasjonal festdag, også etter reformasjonen i 1536/37.

Det norrøne namnet er Olafsvaka, der vaka tyder nattleg gudsteneste før store kyrkjelege høgtider. Det medførte i tidlegare tider at hovudmarkeringa av olsok eigentleg fann stad kvelden før 29. juli.

Kvelden er arrangert av Rauland sokneråd i samarbeid med Rauland Historielag. Historielaget står for kyrkjegardsvandringa, medan soknerådet har ansvaret for messa og serveringa. Dette har blitt ein god og fin tradisjon etter starten i 1996.

Arrangørane ynskjer alle, både innan- og utanbygds, hjarteleg velkomne til kyrkjegardsvandring onsdag 29. juli kl. 1700 på Rauland kyrkjegard med messe kl. 1800. For dei som føler det kan bli litt tungt å stå ein heil time på kyrkjebakken, er det lurt å ta med ein klappstol. Den kan ev. også bli god å ha på kyrkjebakken ned mot Totaksstrondi under grautserveringa.

Biletet er frå kyrkjegardsvandringa 2019.

Smittevernreglane krev at Rauland Historielag må innhente kontaktinformasjon ( namn og telefonnr ) til dei som er med på kyrkjegardsvandringa. Oversikten skal oppbevarast sikkert og nedlåst  i 10 dagar, og lokal smittevernansvarleg  har ansvar for slettinga i tråd med gjeldande tidsfrist. Registreringane vil vera ved dei to inngangane til kyrkjegarden frå parkeringsplassen. Der er det Antibac. Det er viktig å hugse på og halde rett avstand inn på kyrkjegarden. 
Me starter kl. 17.00 så møt opp i god til.