Rauland kyrkjegard

Laget er saman med kyrkjekontoret i Vinje i gang med å leggje ut ein link til gravferdsregisteret ved Rauland kyrkjegard. Det tyder at ein her kan gå inn og søkje på personar kor dei ligg gravlagde på kyrkjegarden. Dette registeret er pr. i dag ikkje fullkome. Fleire pesonar er dessverre m.a. ikkje lagt inn i registeret. I tillegg er det skrivemåten på desse personane. For å søkje på ein person må stavemåten på den personen ein søkjer på vera identisk med det som står i registeret. For å nå fram her må ein nok gjere fleire forsøk i visse tilfelle.

Framgangsmåten er slik: Trykk på denne linken til vinje.kyrkja.no. Deretter går ein inn på fana «Livets gang» øvst oppe til høgre. På neste biletet som kjem fram, går ein ned på sida til venstre og finn  linken «Gravferd» og trykkjer på denne. På neste biletet som kjem opp går ein også ned på sida og finn «Søk på gravplass», trykkjer her og no er ein inne. Så er det å skrive inn fornamnet på den ein vil søkje opp der det står «fornavn», ev. eit «mellomnavn» og til slutt inn etternamnet der det står «etternavn». Så trykkjer ein på den raude kula til høgre der det står «søk» og ventar på resultatet. Er resultatet ingen namn, må ein endre litt på namnet og vone på betre resultat.

Dette er starten på dette systemet, og det er under utarbeiding for å bli endå betre.

Biletet på framsida er frå Rauland kyrkje ein gong på 1930-talet.

Desse bileta er frå kyrkjegardsvandringa i 2020.