Reingjetarhytta i austre Haugedalen

Her ligg reingjetarhytta i austre Haugedalen som tungtvass-sabotørane ikkje fann i oktober 1942. Hytta var då flytt nord i Mørudalen ved Møruvatn. Planen til sabotørane var å lande på Løkjesmyrane ned for hytta for så å ta denne i bruk. Ved ein navitasjonsfeil landa dei i Fjarafitdokka lengre vest. Dei fekk såleis ein mykje tyngre tur med å samle utstyr og å koma seg aust til Grasfjell ved Skinnarbu.

I bakgrunnen ser ein Haugedalshalsen med vestre- og austre Haugedalen på kvar si side.