Temagruppa til Varmevoll på Møsstrond

Onsdag 8. feb. var temagruppa til Rauland Historielag inn til Varmevoll på Møsstrond. Ei av medlemmene i gruppa, Herdis Lien, bur der inne. Tanken var å halde eit møte der me drøfta vidare framdrift av temakveldane på Raulandsakademiet med nye tema. Turen var ei oppleving for fleire av oss. Herdis stilte opp med snøscooter, det same gjorde Kari Halsten, og turen innover isen gjekk veldig fint. Slepa innover møsisen var fin, og veret så avgjort brukbart. Litt snøsprut tolte me. Inne på Varmevoll blei det kaffe og god servering.

Temakveldane framover er klare. Det er tema ut dette vårhalvåret. Og det er fleire på gang til hausten og neste år. Av emne er det både lokale og litt meir vidosne (internasjonale) som kjem til å bli bli lyfte fram. Det er berre å fylgje med.

Det leie er at prisane på Raulandsakademiet aukar. Det gjeld både servering og leige av utstyr. For laget er det ikkje noka mål å tene pengar på temakveldane. Men me kan heller ikkje gå for mykje i underskott. Av den grunn ser laget seg nøydd til å auke inngangsprisen frå komande temakveld den 21. feb. i år  med kr 50,- for både medlemmer og dei som ikkje er medlemmer. Ny inngangspris blir difor kr 150,- og 200,-. Serveringa ligg framleis i inngangsprisen.

Me som kom Rauland vil takke Herdis for ein fin dag. Me var fleire som aldri hadde vore på den kanten av Møsvatn før. Enkelte av oss fekk såleis mykje ny lærdom den dagen.

                     Asbjørn Gardsjord og Sindre Hestdalen på sleden.

                                                Utsyn nordover isen

                         Snøscotterførarane med Førnes i bakgrunnen