Temakveld 26. mars 2019

26. mars kl. 19:00 kjem Jon Godal til temakveld i Vesaassalen på Raulandsakademiet. 82-åringen hadde barndomsåra sine i Rauland. Frå slutten av 1960-tallet hadde han sentrale utviklingsoppgåver i heimkommunen. Jon var sekretær for arbeidet med den fyrste generalplanen, eit imponerande og omfattande pionerverk, også nasjonalt.

Jon vil fortelje noko om planarbeidet frå han starta som skribent i ressursutvalet og korleis at han ser på utviklinga 50 år etter.

Barndomsminne blir også ein del av denne temakvelden som dermed spenner breitt.

For eitt år sidan gav Jon Godal det andre bindet «Om det å lafte». – Der blir for kjedeleg å ikkje vera i arbeid, sa Jon i samband med utgjevinga. Etter det me skjønar er han også i gang med det tredje bindet.  Han har heile tida planar for ulike aktivitetar langt fram. No i slutten av mars held han kurs på Hjerleid på Dovre og tek berre ein snøggtur til Rauland.

Jon Godal er kjent som formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging av tradisjonelle trebåtar. Det største arbeidet hans er om Åfjordbåten og Nordlandsbåten. Ei av dei fyrste bøkene var «Klar deg sjøl. Hvordan overleve i norsk natur.»

Jon er ein mangsysslar, skribent, lærar og praktikar.  I 2015 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for «hans einestående innsats innenfor tradisjonshåndverk».

Denne temakvelden blir ei blanding av minne, erfaringar og løglege historiar frå ein allsidig kar som fortel frå eit rikt og aktivt liv.

Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr.150, Enkel servering.