Turen til Åmdalsverk gruver 9. august 2022.

Det blei ein fin tur til Åmdalsverk gruver denne tysdagen. Veret var varmt og godt og regnet uteblei. Det var 12 personar frå Rauland som køyrde ned til Åmdalsverk. Inne i kaféen fekk me ei grundig orientering om gruvedrifta og oppbyggjinga av muséet av Unni Bendiksen. Etterpå var det vandring inne i gruva der Unni Bendiksen også orienterte. I gruva er det påbode med hjelm. Det var veldig greitt. Til og med personar med høgde under 1,70 m dunka oppi taket. Elles var det godt med gode klær i gruva. Her var det berre 6 grader +.  Det blei i grunnen varmt og godt å koma ut att i friluft til vel 20 grader +.

Unni Bendiksen orienterer inne i gruva.

Ein del av reisefylgjet inne i gruva.