Kyrkjegardsvandring

Sidan 1996 har laget arrangert kyrkjegardsvandring olsokdagen den 29. juli. Laget har då funne fram til fem eller seks graver som ein stoppar opp ved, der oftast medlemmer av slekta fortel om den som ligg gravlagt. Dette tek omlag ein time. 

Olsok eller Olavsdagen er feiringa av Olav den Heilages dødsdag 29. juli 1030. Kongen som har fått æra av å ha kristna Noreg. I mellomalderen, då Noreg var katolsk, var olsok ein av dei viktigaste helgenmarkeringar. På grunn av Olav den Heilages spesielle posisjon i norsk historie, har ein halde fast ved denne dagen som ein nasjonal festdag, også etter reformasjonen i 1536. Det norrøne namnet er Olafsvaka, der vaka tyder nattleg gudsteneste før store kyrkjelege høgtider. Det medførte i tidlegare tider at hovudmarkeringa av olsok eigentleg fann stad kvelden før 29. juli.

Etter vandringa blant gravene på kyrkjegarden går dei frammøtte inn i kyrkja til ei lita messe. Etter messa blir det servert graut og kaffe, då aller helst ute på kyrkjebakken om veret tillet det. Er veret dårleg, blir serveringa inne i kyrkja.

Dette har vore eit populært arrangement. Oftast møter det opp nære på 200 personar, og veldig mange som ikkje bur fast i Rauland.

Rauland sokneråd og Rauland Historielag står bak arrangementet.