Olsokvandring 2022
Det blei ein fin og triveleg kveld på kyrkjegarden 29. juli 2022. Veret var godt og mange møtte fram, godt over hundre. Det blei fortalt om personar ved fem graver. Desse var:
Anne Aksvik ved Marit Vaagen Lilleland
Olav Kvammen ved Birger Kjelingtveit
Olav Storlid ved Ragnhild Storlid
Kjersti og Gutte Strondi ved Johannes Skinnarland
Martha Fundlid ved Åsta Østmo Kostveit
Etter gravferda var det messe med dåp inne i kyrkja. Etter messa serverte Rauland sokneråd feitegraut ute på kyrkjebakken. Vinden rufsa litt i Totak, så bylgjene slo litt mot strondi. Men sola var god og alle såg ut til å trivast.
Marit Vaagen Lilleland fortel om livet til Anne Aksvik.