Olsokvandring Rauland kyrkjegard 2018

Annonsa for kyrkjegardsvandring på Rauland kyrkjegard kom ikkje med i VTB fredag 27. juli 2018. Rauland Historielag kjenner ikkje grunnen. Rett nok var det pressemelding tysdag 24. juli, men det skulle også ha vore annonse fredag 27. juli. 

I tillegg skulle olsokvandringa også tidlgare ha vore omtala på heimesida til historielaget. Dette må redaktøren av heimesida ta ansvaret for. Me får skulde på at det har vore travlet i det siste, om det då nyttar.

Okke som; det blir kyrkjegardsvandring på Rauland kyrkjegard komande sundag kl. 1700. Veret ser ut til å bli brukbart, og både Rauland sokneråd og Rauland Historielag ynskjer alle velkomne til ei triveleg stund.

Sjå vedlegg på linken under:

Olsokvandring på Rauland kyrkjegard 2018

Redaktøren meiner dette er ein akvarell av tidlegare prest, Arne Sørensen.