Bitdal som beite og anleggsdal

Det blir ny temakveld før jol, tysdag 16. nov kl. 1900, på Raulandsakademiet. Johan Vaa og Ottar Romtveit vil fortelje om beitedalen og anleggstida i Bitdal. Begge desse er svært godt kjende i dalen, Johan med hytte frå far sin, Ottar i lag med foreldra som tok mot drifter for Telemark Landbruksselskap. 

Tanken var også at Johan Vaa skulle fortelje om bjørnedrapet i Vesle Tangefjell i 1949. Men det rekk me ikkje. Ålmugen skal også drikke kaffi og eta kake etter foredraget. Me får ta bjørnedrapet ein gong seinare.

Det blir same opplegget som før. Omlag ein time med kåseri, deretter kaffi og kaker i matsalen på Raulandsakademiet. Inngangsprisen er som før, kr 100 for medlemmer, kr 150 for dei som ikkje er medlemmer av laget (med kaffi og kake). 

Velkomen skal de vera til ein triveleg kveld.

Hestedrift i Bitdal på midten av 1950-talet. Johan Vaa og Birger Kjelingtveit fremst.