Gamle hotell og pensjonat i Vinje og Rauland

Tysdag 15. november kl. 1900 blir det ny temakveld i Rauland historielag, på Raulandsakademiet.

Tema denne gongen er Gamle hotell og pensjonat i Vinje og Rauland. Thomas Neeb har henta fram dokumentasjon frå ulike kjelder, samla i database. I mange år har Neeb interessert seg for historikken til dei gamle overnattingstadene. Han har henta fram materale som er gløymt for dei fleste.

Den tidlegaste turistruta til Telemark gjekk med tog til Kongberg – vidare med vognskyss og båt til Vestfjorddalen, til turistmåla Rjukanfossen og Gaustatoppen. Etter kvart vidare vestover.

Frå opninga av Telemarkskanalen i 1892 blei det båttrafikk til Dalen og vidare skyss til Vestlandet. Hotell kom langs ferdselsvegane. Til Rauland kom trafikk også frå Lårdal via Høydalsmo.

Dei fleste hotell og pensjonata Neeb har opplysningar om er ikkje lenger i drift.

Neeb er i gang med eit prosjekt som etter kvart inkluderer alle historiske båtar og hotell i Telemark. På Totak har han blant anna registert Vikingen. I 1880-åra bygde Tor Vaa, far til Dyre og Aslaug Vaa, Trudvang hotell i Raulandsgrend. Kor lenge det var hotell der kan Thomas kanskje Neeb fortelje på temakvelden.

Kartlegginga av gamle hotell, pensjonat og andre overnattingstader i gamle Vinje og Rauland er godt i gang.

Hotellet på bilete er Trudvang i Raulandsgrend, truleg teke rundt 1940.

Inngangspengar kr 100,- for medlemmer av laget, kr 150,- for dei som ikkje er medlemmer. Vanleg servering etter foredraget.