Geologien i Vinje
Vinje, frå dei tidlege tider og til i dag – bergartene fortel historia.
Geolog Ellen M. O. Sigmond har kartlagt berggrunnen i Vinje kommune. Vinje er den fyrste kommunen i landet som har gjennomført dette.
Ellen skriv:
Ho vil fortelje om opplevingar frå kartleggjinga i desse flotte fjella.
Bergartane i Vinje fortel ei lang historie gjennom uendelege tidsrom med vulkanutbrot, jordskjelv, fjellkjededanningar og innsjøavsetningar. Korleis kan ein best forvalte berggrunnen, og kva kan ein bruke bergartane og kartet til? Kor er dei beste beita, dei gode fiskevatna, det beste vegmateriale og kor bør ein leggje hyttebyer eller veganlegg?
Arrangement med geolog Ellen M. O. Sigmond er eit samarbeid mellom Vinje kommune og Rauland Historielag.
Foto av Ellen M. O. Sigmond