Hus, tun og kulturlandskap i Øyfjell. Gamle bilete fortel.

Tarjei Førstøyl fortel og viser bilete frå gamle plassar og stader i Øyfjell.

I samband med bygdesogearbeidet i Øyfjell vert det drive innsamling av eldre fotomateriale frå bygdi, og ein hev etter kvart fengje ei nokså innhaldsrik samling.

Her hev Tarjei Førstøyl gjort eit utval, og innlegget han vil halde vil vera ei biletreise med forteljing attåt, gjennom gardstun og gammalt kulturlandskap frå Lidgrendi lengst ute i bygdi til soknegrensa mot Rauland ved Brureberget.

Dette skjer på Raulandsakademiet tysdag 18. okt. 2016 kl. 1900 i Vesåssalen. Det blir kaffe og litt å bite i som ei lita pause. Inngangspengar kr 50

Sudigard Teisberg

Sudigard Teisberg

Hombrekk

Hombrekk

Heimigard Trovatn

Heimigard Trovatn