I Bjåenkarane sitt rike

På temakvelden 21. november fortel Herdis Lien historia om fire unge menn frå ei fjellbygd i Sør-Noreg. Desse braut opp frå dagleglivet like etter krigen og reiste til Svalbard på isbjørnfangst. I foredraget blir det fortalt om planlegging, reisevegen og opphaldet eit heilt år på ein av dei mest isolerte stadene på Svalbard.

Dette skjer på Raulandsakademiet i Vesaas-salen kl. 1900. Det er som vanleg. Ingangspengar kr 150,- for medlemmer og kr 200,- for dei som ikkje er medlemmer. Etter foredraget er det kaffe og eit lite kakestykke inne i matsalen på Raulandsakademiet. Dette siste er inkludert i billettprisen. Alle er hjarteleg velkomne.

Herdis Lien har arbeidd i 17 år ved Svalbard museum og hadde der fangsthistorie som spesialfelt.