Knut og Ottar Haugland i krig og fred

21. november 2017 inviterer Rauland historielag til ein open temakveld om «Haugland-brørne frå Rjukan». 

Frå Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) kjem seniorrådgjevar Trond Aasland med eit biletkåseri

om Knut og Ottar Haugland og dei ualminneleg dramatiske og hendingsrike liva dei levde.

 

Mor deira, Gunhild, var fødd Vegheim og kom frå Rauland, medan far deira, Olaf, var frå Drangedal. 

Dei to møttest på Rjukan og dei fire sønene deira vaks opp der.

Rjukan og hendingane i Vestfjorddalen under andre verdskrigen blir lyft fram i kåseriet, men og heilt andre tema blir omhandla. 

Ottar Haugland utdanna seg som elektroingeniør i Tyskland. Dei to siste krigsåra sat han i fangenskap i Polen, 

og det er meir enn uforståeleg at han overlevde det han vart utsett for. Ottar busette seg på Notodden.

Knut Haugland utdanna seg som radiotelegrafist. Han blei sendt til Sætermoen i Troms og derifrå til frontlina ved Narvik i aprildagane 1940. 

Det var starten på fem dramatiske krigsår. Knut er kjent som ein av Linge-karane som utførte sabotasjen mot tungtvass-anlegget 

på Vemork i februar 1943. Livet hans heldt fram i dramatiske spor, heilt til freden kom – men og etter den tid.

I 1947 ville Thor Heyerdahl ha venen Knut med på ein dristig seilas på ein balsaflåte over Stillehavet. 

Knut sa ja, og det som vidare skjedde er verdshistorie. 

Det var Knut – meir enn Thor – som såg til at Kon-Tiki-flåten blei teken hand om og ført til Noreg.

Då Knut døydde var omtalen breiare i britiske og amerikanske aviser enn i norske. Ikkje så underleg. 

Knut gjorde lite for å framheve seg sjølv. 

I omtalen i Aftenposten sto det at han var den einaste som nokon gong hadde møtt opp i redaksjonen 

og sagt klårt frå at han ikkje ville finne seg i å bli omtala som ein helt. Og han la ned mykje arbeid for at generasjonane 

etter krigen skulle forstå at krig og vald ikkje er noko ein kan eller skal romantisere.

Både Knut og Ottar sine familiar har stilt private bilete til rådvelde for denne temakvelden på Akademiet. 

Kåsøren vil derfor syne fram og kommentere fleire bilete frå ulike kantar av verda som ikkje tidlegare er vist offentleg.