Krig. Mor. Bror. – Ottar Hauglands kamp mot nazismen.
Forfattar Svein Sæter kjem til temakveld på Raulandsakademiet torsdag 17. oktober kl. 19:00 Han har nyleg kome med boka «Krig. Mor. Bror». Sæter fortel denne gongen om Ottar Haugland, broren til krigshelten, sabotøren og Kon-Tiki-fararen Knut Haugland.
November 1943. Same natta blei Ottar og Knut Haugland tekne og torturerte av Gestapo. Milorg-leiar Ottar på Notodden, tungtvatnsabotøren Knut på Kongeberg. Knut gjennomførte ei farefull flukt. Ottar kom til dødsleiren Stutthof. Der fann han blyant og papir. Mor var Gunnhild Haugland, fødd Vegheim, frå Haddland. Gunnhild skreiv dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Dagbøkene til Gunnhild er ein viktig del av veven i handlinga.
Temakvelden er denne gongen ein torsdag. Nokre dagar seinare, måndag 21. oktober, blir det ny temakveld, eit fellesarrangement med Folkeakademiet. Forfattaren Tore Kvæven fortel om den norrøne busetjinga på Grønland på slutten av 1200-talet.
Servering. Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr 150.
Etter å ha blitt frigjort av Den raude armé i mars 1945 farta Ottar Haugland og kameratane rundt i krigens Europa i tre månader. Midt i kaoset fekk Ottar ei uniform av russiske soldatar. Han kjøpte to messingstjerner, sydde dei fast på skjortekragen – og løytnant Haugland var skapt. Skjorta er i dag på Notodden & Omegn Heimefrontmuseum. (Privat foto frå boka)
Adolf Hitler starta den andre verdskrigen grytidleg 1. september 1939, med angrepet på Polen. Dagen etter opna konsentrasjonsleiren Stutthof ved Gdansk, som den første utanfor Tyskland. Hit skulle Ottar Haugland bli sendt. (Foto frå boka: Stutthof Museum)
Alle som sakka etter i Dødsmarsjen, vart skotne på staden. Måleri av fangen Nikolaj Kuzniecow, som sjølv var blant mindretalet som overlevde. (Foto frå boka: Stutthof Museum)