Medlemskveld januar 2017

Tysdag 17. jan. kl. 1900 held Rauland Historielag medlemsmøte i Vesaassalen på Raulandsakademiet  der alle er hjarteleg velkomne. Tema denne gongen er bilete frå Songa før reguleringa, kanskje nokre få frå i dag også.

Midt på 1950-talet starta NVE reguleringa av Songavassdraget og store område blei neddemde. Det som før var mange små vatn med stryk og fossar blei til eit stort vatn slik me kjenner det i dag. I alt er Songavotni regulert opp 35 m til i dag 975 m.o.h. Store område med staular, vollar og leger blei gøymde under vasspegelen. Dei som opplevde Songa før reguleringa, kjenner sikkert på vemod over det som er borte. Me som er yngre, kjenner berre til holmar og skjer me på sjå opp for når raske båtar susar innover vatnet.

Bileta er frå Venemostaulen ned mot Songakrysset før 1955 og Skamarken i Nekjeosen inn mot Kilen/Berunuten

I tillegg vil laget også syne Myllarfilmen frå 1962. Dette året var det stort stemne på Kose oppe i Arabygdi, likeins myllarspel på Mo-garden i Austbø med Sigbjørn Bernhoft Osa i hovudrolla. Til slutt blir det servert kaffe og kringle inne i kantina på Raulandsakademiet.

Vel møtt til alle som finn interesse.