Møsstrond på 1800-talet

20.februar 2018 kl. 1900 inviterer Rauland historielag til open temakveld på Raulandsakademiet om Møsstrond på 1800-talet.

Lokalhistorikar Paal Georg Thorrud frå Rjukan hev arbeidd med Møsstronds historie gjennom mange år, denne gongen konsentrerer han seg om 1800-talet. Han hev som mange andre frå Rjukan hytte på Møsstrond og hev vore knytt til bygdi frå barndomen.

I foredraget vil Thorrud trekkje fram eit par liner i Møsstronds historie på 1800-talet. Han gjeng fyrst gjennom endringane i heradsgrensene i 1859/1860 som førte til at Møsstrond blei eit eige sokn i det nye Rauland prestegjeld/herad. Thorrud kjem med nokre eksempel på korleis heradstyret arbeidde med saker knytt til Møsstrond: veganlegg, fattigvesenet, kyrkja og skulen. Kjeldematerialet kjem frå arkivet til biskopen og stiftsdireksjonen i Kristiansand, og møtebøkene til Rauland kommunestyre og formannskap.

Den andre lina i foredraget tek utgangspunkt i befolkningsutviklingi. To spørsmål står sentralt: Korleis skaffa møsstrendingane seg eit livsgrunnlag då folketalet steig fram til 1855 og presset på ressursane auka? Korleis forklarar me befolkningsnedgangen i den siste delen av århundret? Kjeldematerialet er folketeljingane, kyrkjebøkene, panteregistra og pantebøkene.

Thorrud avsluttar foredraget med gjennomgang av den politiske diskusjonen om  «Lov om vassdragenes benyttelse» som Stortinget vedtok i 1887. Formålet med lovi var å styrke industriens stilling i vassdragi. Debatten gjev innblikk i den industribegeistringi som rådde fram til århundreskiftet. Industriens talsmenn lykkast å få sine interessene definert som samfunnets interesser. Møsstrendingane og Rauland heradsstyre hadde lite å stille opp mot dette  i 1903.

Erfaringane frå den fyrste reguleringi førte etter kvart til endringar i dei politiske haldningane. Stortinget vedtok i åri som fylgde lover som skaffa staten betre kontroll med kjøp av fossefall og sjølv vasskraftreguleringi.