Murukleiven kjem til Rauland historielag.

Ove Eriksen er kjent som ein allsidig journalist, i NRK Telemark og som reportar i NRK Sporten.

Han kan sikkert fortelje om sportshendingar, men denne gongen er det om ein myteomspunnen meistertjuv som Murukleiven.

Eriksen har skrive ein historisk roman basert på dei verkelege hendingane heddølen Tov Murukleiv opplevde frå 1808 til 1814. Alt han skriv i boka er vel dokumentert.

Tov Murukleiv verva seg som soldat til Det Søndenfjeldske infanteriregiment. Romanen følgjer Murukleiven i naudsår med svolt og krig og hans møte med dusørjegarar, lynsjegjengar og danskekongens brutale straffemetodar og forhatte anstaltar. Hans turbulente liv fører han inn og ut av fengsel i Noreg og Sverige – med ulike kvinner ved hans side.

Murukleiven levde eit omflakkande liv, frå å vera ein straffa musketer til han blei ein mafia-liknande forbrytarhovding.

I 1908 blei skjelettet av ein vaksen mann funne ved utgraving ved stavkyrkja i Heddal. I kyrkjeboka er den døde nemnt som «drept». Den drepne var Tov Murukleiv.

Gjennom historia til Murukleiven ser me det norske samfunnet frå dei undertryktes side fram til 1814.

Etter foredraget blir det enkel servering som er med i billettprisen.