Telemarkskanalen, vegen over Haukelifjell og handelsstaden Hylen

16.januar 2018 kl. 1900 inviterer Rauland historielag til open temakveld på Raulandsakademiet om samferdsel i gamle dagar. Ragnvald Christenson, den allsidige lokalhistorikaren, som i alle år har interessert seg for historia om vegane, hotell, skysstasjonar og reisune frå aust til vest, kjem med eit ljosbiletekåseri om trafikken Dalen-Odda.

I 1852, 40 år før Telemarkskanalen stod ferdig, tok hjulbåten «St. Olaf» til å gange i rute Strengen – Dalen. Kaptein Halvor Olsen busette seg på Dalen, bygde eit stort hus i 1860 og byrja å ta inn reisande. Halvor døydde i 1869, berre 49 år gamal. Olav, sonen som overtok, og bygde eit stort hotell med mange gjesterom og moderne utstyr soleis med innlagt vatn i kjøken og kjellar. Det blei Lastein hotell, som var ein mykje viktig innhysingsstad inntil Bandak hotell, og seinare Dalen hotell, kom på 1890-talet. Christenson legg vekt på hotelldrifti på Dalen i historia om Haukelivegen.

Det blei ei rivande utvikling. Sumaren 1893 kom det over 4 000 turistar til Dalen, berre i juli, og det var problem med overnatting. Heldigvis blei dette problemet fort løyst. Alt i 1894 stod det nye Dalen hotell ferdig med 100 sengeplassar. Dette var starten på ein gullalder for reiselivet langs Haukelivegen. Dei reisande blei frakta vidare i karjol til dei mange småhotella og skysstasjonane som låg langs med den nye vegen i «ei hestevogns dagsreises» avstand.

Det som truleg berre få rekna med var at den nye Telemarkskanalen skulle bli ein slik turistattraksjon for adelen og dei rike i Europa. Den var i fyrste omgang tenkt på til nyttekøyring. 

Det gigantiske byggverket Telemarkskanalen stod ferdig i 1892 og vegen over Haukeli i 1889. I 1876 var vegen ferdig innan Bratsberg amt (Telemark), fram til Ulevåbotn. Vegbreidda var jamt over 2,5 meter.

Det visa seg fort at vegen frå aust til vest mot Dyrskard hadde problem med sno og snoras og alt i 1891 blei det bevilga kr. 14 700,- til ein kort tunnel. Dette arbeidet starta opp med ein gong og tunellen var ferdig i 1900.

Før Telemarkskanalen blei ein realitet, hadde bygdane innover store problem med samferdsla. Dei som budde i dei øvre bygdane tok turen over fjellet mot vest til Suldal og Hylsfjorden når dei skulle få tak i konn, mjøl, salt og andre varer. I 1870-åri vog ein opp 12-14 hundre tunner med mjøl og korn på forretninga på Hylen som blei klyvja og boren på ryggen til Røldal, Øvre Vinje og Bykle/Valle. Dette er óg ei forteljinga Christenson fortel om vegen over fjellet i gamle dagar.

 

Bilettekst:

Ladesten Hotel, det eldste hotellet på Dalen, låg tett ned til fjorden. Lastein hotel var ein mykje viktig innhysingsstad inntil Bandak hotel og Dalen hotel kom på 1890-tallet.