På sporet av TUNGTVANNSSABOTØRANE PÅ HARDANGERVIDDA

Tysdag 17. jan. kl. 1900 tek Mildrid W. Nilsen oss med i GROUSE’ «skispor» på Raulandsakademiet, Vesaassalen. Dette var dei 4 nordmennene som skulle vera fortropp for britiske spesialsoldater som skulle sprenge tungtvassanlegget på Vemork hausten 1942. Planen var å sleppe GROUSE ned over Løkjesmyrane, nordvest av Ugleflott, og såleis bruke reingjetarhytta i austare Haugedalen som utgangspunkt. Men dei landa lengre vest, i Fjarafitdokki, og fekk ein mykje lengre og tyngre tur enn dei hadde håpa på.

Mildrid har fylgt opp att ruta desse sabotørane gjekk og vil gjennom foto vise kor GROUSE gjekk og kva som foregjekk på dei ulike hyttene fram til Sandvatnhytta i Grasfjell, sør av Frøystaul.

Mildrid er lærar, historikar og forfattar, og har skrive to bøker om tungtvassaksjonane. Ho har saumfare terrenget sommer og vinter og har kartlagt rundt 50 hytter og stadar som er knytta til historia om tungtvassaka.

Det er same opplegget som før med temakveldane. Inngangsbilletten er kr 100 for medlemmer, kr 150 for dei som ikkje er medlemmer. Denne inngangsbilletten inkluderer også kaffe og kake etterpå, som vanleg. Etter foredraget vil det vera mogeleg å kjøpe bøker av Mildrid.

Vel møtt til alle.

                                Slepplassen i Fjarafitdokki

                                Depoplassen i Fjarafitdokki