Rauland statsallmenning – kva og korleis.

Temakveld i Rauland historielag 17. september kl. 1900 på Raulandsakademiet.

Rauland statsallmenning blei oppretta i 1934, som allmenning for raulendingar.

Her hadde raulendingar høve til å jakte for å spe på matforrådet heime i bygda.

Det var Høyfjellskommisjonen, ein særdomstol, som fastsette grensene mellom private og statens grunn.

I lengre tid hadde det vore diskusjon om om kva som var privat og offentleg grunn. Frå lagt attende i tida hadde fjellet vore ein plass der alle fritt kunne jakte.

Ettersom folketalet auka, auka behovet for ein grensegang.

Birger Kjelingtveit fortel og syner bilete. Historikk, kva, korleis og om bruk.

Etter temadelen kaffi, kaker og tid til røur.

Alle er velkomne.

 

Bilettekst:

Birger Kjelingtveit ved muren etter Fearnleyhytta inne på Rauland statsallmenning under Hokkebrotnuten.