Røysta frå Vinje og Rauland

«Tysdag 15. mars 2022 kl. 19.00 kjem journalist Bjørn Bø på temakveld på Raulandsakademiet, Vesaassalen. Han vil kåsere om «Politikarar og andre folk. Om mål, moro, makt og avmakt gjennom førti år. Journalist i stort og smått.»

Vinbyggjen Bjørn Bø starta som NRK-stipendiat i 1976. Han arbeidde i NRK Telemark frå 1977 til 1984 og sidan i Dagsnytt. Frå 1986 til han gjekk av med pensjon i 2013, var han tilsett i politisk avdeling der han også har vore leiar. I ein periode var han NRK sin Stockholm-korrespondent. Han er særleg kjend som politisk kommentator, programleiar for Politisk kvarter og for innsatsen under NRK sine valsendingar heilt frå 1970-talet.

I 2005 fekk Bjørn Bø Storegut-prisen. Styret i Litteraturdagane sa dette ved tildelinga. «Som radiomann i mange år, hev han nytta nynorsk på ein måte so kan tene som mønster for alle, ei normalisering som ikkje løyner målføret som ligg i botn og gjer målet personleg».

I 1997 fekk han Kringkastingsprisen.

Alle er hjarteleg velkomne. Kaffi og kake etterpå. Medlemer kr 100. 

Ikkje medlemer kr 150