Svein Vetle Trae til Rauland historielag

18. april 2017 kjem kaptein Svein Vetle Trae til møte i Rauland historielag kl. 1900 på Raulandsakademiet. Trae voks opp på Skoland på Notodden der tyskararne hadde hovudkvarter. Oppvekststaden og forteljingar frå dei næraste skyldfolka som hadde vore ihuga motstandsfolk, gjorde at Trae tidleg fatta interesse for okkupasjonshistoria.

Trae har blant anna tenestegjort ved forsvarets hundeskole ved Oscarsborg, Drøbak, i tre år. Han har vore områdesjef og liaisonoffiser for HV 03 på Heistadmoen. I alle år har han samla stoff frå okkupasjonstida. Han kom ut med den siste boka si «Lamplight» i 2015.

13.april 1940 reiste løytnant Thor Hannevig frå Saggrenda til Åmot og vidare til Vinje. 15.april ga Hannevig mobiliseringsordre. «Møtested er Vinjesvingen. Opplysninger fåes ved henvendelse til telefonsentralene».  Trae vil fortelje om kampane ved Leirlid bru og Liosvingen, kontakten med bygdefolk og seinare fredsforhandlingane med tyskarane som hadde hovudkvarter i legeboligen i Åmot. 

I foredraget vil Trae fortelje og syne bilete frå hendingar og situasjonar, både frå motstandsarbeidet og dagleglivet i Vinje og Rauland. Trae vil også fortelje noko frå andre bygder og sambandet mellom bygdene. Kurertenesta blir særskilt omtala. Trae er også oppteken av den sivile motstanden. Nasjonale og internasjonale hendingar som hadde noko å seia for lokale forhold, og det valet kvar einskilde gjorde, fell naturleg inn i foredraget.