Sven Poulsson til Rauland historielag

21.mars 2017 kjem biletkunstnaren og arkitekten Sven Poulsson til ope møte i Rauland historielag. Poulsson er fødd og oppvaksen i København, men det var vanskeleg å få jobb som arkitekt i København på 60-talet. I 1973 drog han til Møsstrond der han hadde hus. Han levde som fiskar og fangar, og som tømrar og teiknar.

I 1974 drog han nordover på fiske. Etter kvart fekk han oppdrag frå Riksantikvaren om å teikne bygg i Vardø. Seinare blei det mange andre oppdrag for Riksantikvaren, mellom anna nyteikning av vignettar og anna for fyrstasjonar.

Sven Poulsson bur på Briskeroi, inst på Møsstrond. Han kan vera borte på oppdrag i periodar, men det er hjå folket på Møsstrond han høyrer til. «Minnebilde» er eit heilt spesielt bilete Poulsson jobba me i 30 år. Det fortel historia om Olav og Ingebjørg Lien, med detaljar om kvardagen og årstidene på Møsstrond. Samstundes er fjellbygdi del av noko større.

For nokre år sidan laga Sven Poulsson eit flott kunstkart over Møsvatn. I kartet som er laga for Møsstrond bygdelag, er det lagt inn detaljerte teikningar over enkeltområde. Det er med er fantastisk mengd med namn på gardar, plassar, toppar, elvar, bekkar, oddar, nes og grunnar. Dei gamle namni er bruka, det er også lagt inn mange småstykkje med informasjon fint plassert i kartet. Møsvatn er framstilt i to blåfargar, mørke blått viser Møsvatn på kote 902 moh, før reguleringi.

På møtet tysdag presentere Sven Poulsson kart og bilete og fortel litt om livet på Møsstrond, opplevd av ein innflutt danske. Nokre møsstrendingar og andre hjelper til med noko informasjon.

 

Illustrasjon med bilettekst:

Utsnitt av kunstkartet over Møsstrond