Temakveld i februar 2019
Dyreliv og oppsyn
Tysdag 19. februar har Rauland historielag temakveld i Vesaassalen på Raulandsakademiet. Bli med naturoppsyn Knut Nylend frå Rauland på ei reise gjennom 30 år på ulike oppdrag i Hardangervidda-regionen, men også i andre delar av landet. Knut fortel historia, ispedd eigne bilete og video frå denne reisa. Forteljinga vil innehalde historiar om villrein, fjellrev, rovdyr og andre interessante tema om høgfjellet og artane som bur der.
Knut vil fortelje litt om kva SNO er og litt om oppgåver som er særmerkte for Hardangervidda. Om villreinen vil det bli fokus på på villreinjakt, lynnedslaget på Hardangervidda i 2016, bitte litt om saneringa av villreinstammene i Nordfjella og på Sør-Georgia.
Knut Nylend ved revamataren inne på viddi.