Temakveld med kart og stadnamn

Rauland Historielag held temakveld tysdag 21. mars kl. 1900 på Raulandsakademiet med nemnte tema. Etter vår oppfatning, finst det ofte mange feil på karta til Statens kartverk når det gjeld stadnamn. Men å rette opp desse feilane, er ikkje alltid like enkelt. Stadnamn er det i stor mon Statens kartverk som avgjer, ofte i samråd med kommunal forvaltning. Sjølvsagt lyder Statens kartverket på lokale forhold, men her er det visse omsyn som kjem inn.

Eit nytt namn, t.d. på ein veg i eit byggjefelt, kan vera greitt. Det same kan også skrivemåte eller uttale på gamle namn. Her spelar lokale forhold inn. Men å endre eit gammalt namn til ny uttale eller skrivemåte, kan vera svært vanskeleg.

Rauland Historielag har eit veldig godt døme som kjem fram på komande temakveld neste veke. Det same gjeld også eit nytt namn på eit gammalt dalføre i bygda. Likeins vil også feil plassering av namn på vatn bli tatt fram.

Alt dette vil Finn Isaksen, tidlegare tilsett i Statens Kartverk, forklare for oss på komande temakveld. Han er i dag pensjonist, men har framleis god kunnskap om temaet.

Så til det trasige. Rauland Historielag kan ikkje spandere både foredrag og kaffe/kake utan å få noko att. Det tyder billettinngang som har auka m.a. p.g.a. auka straumutgifter. Som det  så populært blir hevda i media. Medlemmer må heretter ut med kr 150,- medan dei som ikkje er medlemmer må ta til takke med kr 200,-. Laget vonar de forstår dette. Laget arrangerer ikkje temakveldar for å tene pengar, for det gjer me ikkje. Det går på underskott. Tanken til laget er å arrangere noko som kan vera interessant, informativt og samstundes sosialt. 

Vel møtt til ein triveleg kveld.

Heilt til slutt. Framsidebiletet er frå Vollane i Kvenndalen. De ser husestaden og steinbua til Liv Vollane.

Dette biletet er frå det me i dag kallar Silkedalen. Men det er feil. Silkedalen i dag er frå gammalt Leirbekkdalen. Silkedalane er nokre smådalar inne i Leirbekkdalen.

Dei fleste i Rauland kjenner Åsbekkdalen. Men frå gammalt heitte denne dalen Åsbogdalen. Etter ein del att og fram med diskusjon og skriving har Statens kartverk no bestemt at denne dalen skal heite Åsbogdalen. Langt frå alle er eininge i dette, men slik blei det.