RIKARD BERGE FOTOARKIV

 

Temakveld Rauland Historielag i samarbeid med Telemark Museum tysdag 17.10.17 kl 19:00. Møtestad er Raulandsakademiet og Vesaassalen. Alle er velkomne.

 

Konservator Tor Kjetil Gardåsen og fotoarkivar Vibeke Dolva  frå Telemark Museum vil presentere eit utval av bileta frå fotoarkivet etter Rikard Berge denne kvelden. Museet har no fullført skanning av rundt 600 fotografi, dei fleste frå Vest Telemark.  Dei to har med bilete primært frå  Rauland og Vinje, men også eindel frå Kviteseid og Seljord.   Publikum blir inviterte til å koma med både tilleggsopplysingar og kommentarar.

Rikard Berge (1881 – 1969) vaks opp på Berge i Rauland i eit rikt forteljar og tradisjonsmiljø, var utdanna lærar, og blei ein kjend folkeminnegranskar og  lokalhistorikar.  Han var konservator og styrar ved Fylkesmuseet i Telemark og Grenland (no Telemark Museum) i tida 1916 – 1951, og gjorde store innsamlingsarbeid i den tida.  Han forfatta det fire bind store bygdebokverket Rauland og Vinje som blei utgjeve i 1949, 1944 og 1973, i tillegg til ei rekkje bokverk om norsk folkekultur som  eventyr, folkemusikk og folkekunst.

Samlingane etter Rikard Berge tilhøyrer no Telemark Museum.

Det blir servering av kaffe og kringle etter møtet, og me tillet oss å ta inngangspengar Kr. 100 til dekking av utgiftene til arrangementet.

Rikard Berge intervjuar Margit Tveiten.