Temakveld skjærtorsdag 14. april 2022.

Det blir heilt sikkert temakveld skjærtorsdag 14. april 2022 kl. 1900 i Vesaassalen på Raulandsakademiet. Temaet denne gongen blir om tam- og villrein i nærområdet. Kjell Bitustøyl vil kåsere om dette emnet. Han har skrive fleire bøker om dette. I tillegg til å fortelje har han også mange bilete å syne fram. 

Ein gong før har laget skipa til temakveld i påskeveka med brukbart resultat. Det same vonar me denne gongen og. Fylg med for nærare informasjon. Og kom i hug: Alle er velkomne, medlemmer av laget eller ikkje. Prisen er kr 100,- for medlemmer og kr 150,- for dei som ikkje er medlemmer av laget. Men alle får servering i kantina etter kåseriet, utan tillegg i prisen. Så set av kvelden! Det kjem ytterlegare informasjon frå Kjell Bitustøyl.

Og her er informasjonen frå Kjell Bitustøyl:

Reinsdyret, både tam og vill, har så lenge det har funnest folk vore viktig i Rauland, frå dei eldste fangstfolka som levde som nomadar til dei fysste fastbuande slo seg ned. For sjølv om folk begynte med jordbruk, var likevel det fjellet gav, særleg i form av reinsdyr og det ein kunne nytte av dette dyret, avgjerande for busetnaden her i tidlege tider. Og sjølv når jernvinneperioden kom, var det til dømes på Møsstrond stutt veg til fjells for å hente seg kjøt. Utgravingar av bustaden på Mogen, som skriv seg frå merovingertid, rundt 500 år e.Kr., viser 95 % reinsdyrbein i avfallsdyngene. Fangstminna frå dei eldste tidene og fram til «nyare» tid, inkludert  1800-talet, finst der mange av inni fjellet, det gjeld særleg dyregraver, men òg bogastille og kjøtgøymer. Steinbuer som har blitt mykje brukt i samband med reinsjakt finst der òg ein del av. Èin spesiell periode er knytt til tamreindrift, der er spreidde forsøk midt på 1800-talet, men me må til 1880-åra før dette skyt fart, reinsdyr blir kaupt inn frå lenger nord i landet, særleg Rørosområdet. Og samar bli engasjert som gjetarar. Organiseringa, ofte i  aksjeselskap, gjorde at ein kunne drive lønnsamt over tid, sjølv om tamreinperioden i Rauland ikkje varte så lenge, siste selskapet avvikla rundt 1915. Andre stadar på Vidda heldt ein på til 1956-57. Likevel, heile perioden med tamrein var der òg villrein, og villreinjakta tok seg oppatt, særleg då mykje tamrein blei forvilla etter andre verdskrigen. Også tamreinperioden har etterlete seg kulturminne i form av ein del buer og gjetarhytter, likeins einskilde steingjerde frå den tidlege reindrifta midt på 1800-talet. Og sist, men ikkje minst, samar har blitt verande i Rauland, og etterkomarar av desse har me den dag i dag.

Dette biletet er frå Brasfitnuten nord i Songa mot Bjønnavassdraget. På framsida er biletetet frå Kjell Bitustøyl.