Vinje-Raulandsmålet på temakveld

Er vinje-raulandmålet noko spesielt? Mange utanfrå seier det. Og kva er det i så fall?

Vinbyggjen Arne Vinje og raulendingen Johan Vaa er støe og kunnige målbrukarar og gode forteljarar. Språk og identitet er sentralt tema. Dei skal  seia noko om særmerke, likskapar i tale og skrift mellom Rauland og Vinje. Arne og Johan delar kunnskap og lagar sine vriar om og med seiemåtar, litt historiar, ord og uttrykk. Dei fortel om endringar og variasjonar i talemålet i Vinje og Rauland.

Kristian Hanto fortel om dialektutvikling og samanhengen mellom nynorsk og dialektbruk.

Me vil lyfte fram dialektane og syne mangfaldet i Rauland og Vinje.

Ord og uttrykk engasjerer og tydingar skaper diskusjon. På denne temakvelden er det sjølvsagt ope for kommentarar og spørsmål.

Servering og røur.

Inngangspengar: Medlemmer kr 100,- , ikkje-medlemmer kr 150,-.

Bilete: Johan Vaa på framsida.

Arne Vinje

Kristian Hanto