Bitdalsbok II – ny utgåve av den gamle boka frå 2006

Dette året kjem Rauland Historielag ut med ei revidert utgåve av Bitdalsboka. Boka frå 2006 har vore utseld i mange år.

Boka inneheld sjølvsagt det stoffet som er frå 2006. I tillegg har det kome ein artikkel om kva Telemark Landbruksselskap var og er. Telemark Landbruksselskap har frå ca. 1950 vore ein stor aktør inne i Bitdal med fleire drifter. I tillegg er det artikkel om kva ein kunna ha gjort for ikkje å demme ned dalen, men likevel nytta vatnet til kraftproduksjon. Sist, men ikkje minst: Johan Vaa har nokre historiar om løglege hende frå Bitdal.

Boka inneheld mykje biletstoff. Det nye er det Martin og Turid Taksdal som har teke. Dei var der inne på slutten av 1950-talet, og Martin var ein ivrig fotograf.

Det blir boklansering laurdag den 3. des. kl. 1200 i Årestoga på Raulandsakademiet. Der vil Johan Vaa og Birger Kjelingtveit fortelje om det nye stoffet i boka, i tillegg syne bilete frå dalen av det som er teke av Martin og Turid Taksdal.

Hjarteleg velkomne.

Bileta under er det Martin Taksdal som har teke. Det er mange fleire.

 

s

              Vest i Veidemannbui, utsyn mot Bitdalsvatn

                         Steinbuflòti, slik det ein gong var

                            Trollauga blir denne vasspytten kalla