Bygdekunstutstilling EINAR OG HILDA TJØNN

 Rauland historielag heidrar kunstnarparet Einar og Hilda Tjønn med utstiilling på Kaffibaren, Rauland, i tida 17.12.16 – 12.03.17.

Einar Tjønn (1926 -2011) var bilethoggarassistent for Dyre Vaa frå 1945 – 1975.  Han var også målarelev hos Dyre Vaa, og han hadde mykje glede av  samarbeid med målarkameratane Tor Vaa, Johans Rui, Halvor H. Kostveit og Anton Kringlegarden.

Utstillinga  viser nærare 80 arbeid,  og  er prega av hans mange favorittmotiv i naturen, mest fjell og hei.  Mange gamle gardstun er også representerte, og  Innimellom ser ein  innslag av minne frå opplevingar med barn og barnebarn.

 

Hilda Tjønn, f. Brårmo 1928, har gjennom alle år vore ein flittig harndverkar med sauming, spiting og tægearbeid.  Ho hadde også betydeleg  produksjon av fargelagde trerelieff med naturmotiv.  I eit eige rom i andre høgda, over kaffibaren, er det stilt ut rundt 40 av hennar trearbeid!

 

På utstillinga vil ein finne hefte med forteljingar om både Einar og Hilda.   Og det er høve til å kaupe gåvekort og utstillingsplakat.

 

Hilda og Einar Tjønn  i arbeid med produksjon av museumskopiar ved treskjerarbedrifta Petter C. Omtvedt i Rauland.