Flatastauldagen 11. august 2013
Vesla Landsverk og Hilda Tjønn hadde saman skrive eit spelstykke frå livet på ein husmannsplass for omlag 150 år sidan. Stykket viste korleis husmannssonen Jon fann ut at han måtte fara til Amerika for å tene seg opp nok pengar til å kunne kjøpe seg ein gard og gifte seg med kjærasten sin når han kom heim att.
Medlemmer av historielaget spela dei ulike rollene. I tillegg var det innslag av viser og song med flott gitarspel av Bjønn Fauske Lysdahl og Eystein Matheussen. Himmelen truga fleire gonger med mørke skyer, men venta med å sleppe regnet til programmet var over. Det var svært mange som hadde funne vegen til Flatastaul denne dagen.