Minneutstilling av Johans Rui

setberg-va%cc%8a

Bygdekunstgruppa i Rauland Historielag stod bak ei minneutstilling av målarstykke av Johans Rui  på Kaffibaren i Rauland med opning sundag 18.september kl 1600. Utstillinga var  open til 20.oktober 2016. Det møtte ca 30 stk. fram for å sjå på dei ca. 40 bileta som gruppa hadde fått tak i. Endå er det mellom 20 og 30 att i heimar som ein veit om.

Dei frammøtte fekk kort orientering av Gunn Gardsjord og kona til Johans, Wenja Rui, om livt til Johans og arbeida hans. Utstillingsnemnda serverte kaffe og kringle til dei frammøtte

Johans Rui var gardbrukar på Rauland, og ein av fleire  aktive bygdekunstnarar i si samtid.   Han var for ein stor del sjølvlærd, men hadde nok henta mykje lærdom og inspirasjon i ungdomstida då han og målarkameratane Tor Vaa, Einar Tjønn og Halvor H Kostveit møttest på  Sporanes.  Johans fann motiv rundt både i og kring Rauland,  og av og til i gamle bilete.   Han har med  særmerkt stil dokumentert ei rekkje gamle  hus og tun. 

Alle bileta på denne utstillinga er i privat eige, dei fleste i heimar rundt om i Rauland,  og vil ikkje vera for salg. Dei mange eigarane har alle vore svært positive til utstillinga og arrangørane er takksame for alle velviljuge utlån.