Minneutstilling av måleri etter Johans Rui

Ei bygdekunstgruppe under Rauland Historielag står bak måleriutstillinga etter bygdekunstnaren Johans Rui (1929 – 2002) som opna sundag 18.09.16 kl 16:00 i Kaffebaren på Rauland.  
Gunn Gardsjord, nestleiar i Rauland Historielag, kunne ynskje velkomen til dei rundt 30 frammøtte, og Wenja Rui, enkje etter Johans Rui, fortalde om arbeidet til Johans
Servering av kaffe, kringle og twist høyrde med. 
 
Det er stilt ut tilsammen 68 måleri, alle i privat eige, med tillegg av skisseark og -bøker.  Johans Rui måla ei rekkje hus og tun rundt om i bygd og grender, og har framstilt  både bygningar og landskap i særmerkt stil.
Familie, grannar og venner i og utanfor Rauland hadde synt stor velvilje til utlån av bilete til denne utstillinga.
 
Dette er den fyrste utstillinga av måleri etter Johans Rui. Han laga ikkje sjølv noko register over målarstykka sine, og det er no gjort ei omfattande, men ikkje fullstendig registrering. Eit par bilete til veit me om, men truleg finnst der meir enn 20 bilete som me gjerne skulle ha registrert. Om nokon har eller kjenner til bilete som ikkje er på utstillinga, vil me be dei ta kontakt med Wenja Rui eller Gunn (Gunhild) Gardsjord.   
 
Utstillinga vil stå fram til 16.10.16, og er  tilgjengeleg i opningstidene til kaffibaren. Det er ikkje salgsutstilling.