Vandring til Rindefeltet

Det blir vandring ute på den arkeologiske staden Rinde i Krontveitfeltet.  Veret er godt.

Kulturminna her går attende til 3 – 400 talet e. Kr., og er såleis varig verna. Her finn me m.a. kulturmark med kol som dateringsmiddel frå like etter Kristi tid, gravhaugar frå straks etter 1000-talet og hustuft etter dei som har budd her i seinare tid. Dette siste kan ein lese om i skriftet Gamle plassar og stoger i grend og utmark, utgitt av Rauland Historielag. Det er Line Grindekåsa frå arkeologiavdelinga ved Telemark fylkeskommune som vil stå for informasjonen. 

Me møtest i dag, tysdag 20.09.16 kl. 1730 ved innkøyringa til Krontveit busatadfelt.  Det blir enkel servering på murkanten til den gamle stoga på Rinde. Vel møtt til ei triveleg orientering om dei som livde før oss i Rauland.