ÅMDALS VERK GRUVER. Tysdag 9. august
Historielaget har tur til Åmdals Verk gruver tysdag 9. august med omvising og
guiding av Unni Bendiksen kl. 12:00.
Unni har svært god kunnskap om gruvedrifta og gruvene og kjenner området
godt då ho er født og busett på Verket.
Museet er oppgradera i dei siste åra med fleire historiske tablå og fotoutstillingar.
Det vil bli fortalt inne i museet og høve til å vera med eit stykke inn i gruvene.
Tak med varme klær for det er litt kaldt inne i gruvene.
Inngangspengar kr. 60. Det vert høve til å kjøpe kaffe og vaflar.
Vonar mange vert med og vel møtt til alle.