Boklansering på husmannsplassen Krubba i Haddlandsheiane

Rauland Historielag og Rauland Bygdekvinnelag inviterar til boklansering onsdag 4.august kl. 16.00 på Krubba. Åsta Ø. Kostveit vil fortelje om:  Margit Egilsdotter – eit kvinneliv på 1800-talet. Boka kom ut tidlegare i sommar. Du kjem til Krubba ved å fylgje Harkjellstaulvegen til endes mot vest og deretter inn til venstre og forbi ein open bom.

Tak med stol, men me serverar kaffi.

Alle er hjarteleg velkomne.