Buplassen Kolås

Omsider ser samfunnet ut til å normalisere seg. Coronapandemien er på retur, og me får vone det varer ved. Aktiviteten i Rauland Historielag har denne tida, som så mangt anna, lege på eit lågmål. Men no prøvar me å ta opp att aktiviteten med ein tur til ein gammal attlagd buplass her i Rauland. Utpå hausten prøvar me med ein ny tur. Den er planlagt til Kvammen i Åmotsdal.

Fyrste turen tenkte me inn til den gamle buplassen Kolås. Denne ligg aust for avkøyringa til Nesland i Tansosbakkane, på bryne ned mot Tansåi. Her er det framleis murar etter hus og tydelege åkerreinar. Men plassen ligg i dag godt gøymt i barskogen. Med omsyn på kulde om våren, skal denne har vore god. Plassen låg lunt og varmt til mot søraust. Såkornet fraus sjeldan her.

Det finst mange slike frå flytte plassar i Rauland. Her ser ein i dag berre att æver av det som ein gong har vore. Kvifor blei det slik? Mangt av dette kan ein finne svar på i bøker som Rauland Historielag har gjett ut, så som årsskrift 2003, «Bureising i ei fjellbygd» og årsskrift 2005, «Gamle plassar og stoger i grend og utmark».

Vel møtt til ein vandretur med orientering torsdag 4. juni  kl. 1800. Frammøte er i Tansosbakkane ved krysset inn til Nesland.

Biletet på framsida er Ekra som låg i Raulandsgrend ved Rauland kyrkje, truleg ein gong på 1930-talet. Denne plassen er i dag heilt borte.

Plassen Bitustøyl 1933.
Setra Torvehovet ein gong i 1950-åra. Gutungen til venstre er Tore Tjønn.
Dei eldre personane til høgre er besteforeldra hans, Åsmund og Torbjørg Brårmo.
Bak ved hytteveggen sit foreldra til Tore, Hilda og Einar Tjønn i lag med dottera Signe.