Dagstur til Treungen 24.09.22

Rauland Historielag arrangerer ein dagstur med bil til Treungen laurdag 24.09.22. Frammøte på plassen framfor Rauland skule og køyring kl 0900. Me satsar på samkøyring, og fyller opp bilane til dei som vil køyre.  Vanleg spleis på utgiftene. Tome bilar kan stå på parkeringsplassen bak skulen gjennom dagen. Me reknar ein nærare 2 timars køyretur og samlast  kl 11 ved Zienermuseet (tidl. Z museum). Dette er eit eineståande museum med ei samling av tusenvis av ting frå både samtid og nær fortid. Om ein har vore der før, vil det alltid vera mykje nytt å sjå. Kl 13 blir det servering av eit lunsjmåltid i Leirosen ved Nisser. Deretter forteljing og byvandring med kjentmann Harald Valle i stasjonsbyen Treungen som var endestasjon for jernbanen mellom Arendal og Treungen.  Strekninga mellom Nelaug og Treungen blei nedlagd i 1967, og banevegen er delvis omgjord til sykkelstig.  Mange freda kulturminne langs banen. Ein gamal nedlagd kyrkjegard blir det vonleg også tid til å vitje.  Den ligg på jordet til Tveit gard, der det var kyrkjestad frå middelalderen fram til 1863. Det blei då bygd ny kyrkje på Homme, litt sør og utanfor tettstaden. Av omsyn til museum og servering må me ha påmelding innan 19.09.22. Tlf.  eller sms til 45 87 40 53 (Gunn Gardsjord).