Torsvegen

Frisklivsentralen i Vinje  –  vandringar i naturen.

 

Frisklivsentralen i Vinje vil arrangere fire sommarturar i juni/juli denne sommaren. Den fyrste startar alt komande tysdag 13. juni.

Til denne aktiviteten har Frisklivsentralen spurt historielaga i Vinje kommune om å vere med på arrangemente.

 

Rauland Historielag har bestemt seg for Torsvegen gjennom Urdbøuri, likeins ned til Grindehola i utfallsosen av Songaelvi i Totak.

Urdbøuri er truleg Nord-Europas største steinur. Kor gammal ho er, veit nok ingen, men kanskje frå siste istid.

Torsvegen blei bruka som ferdsleveg gjennom urdi i mange hundre år fram til bilvegen kom i 1959. Namnet har ein frå 1770 av oppskrifta til Engelbret Michaelsen. Han skriv her om eit fælt Bierge-Trold, viss namn er Toer Trollebane. Ein vil fortelje om denne under turen. Ta difor med litt drikke og noko å bite i.

Vegen er om lag 1 km lang og etter måten lett å gå. Det er best å parkere i vestenden av urdi.

 

Etter Torsvegen tek me bilen og køyrer ein liten km ned til utfallsosen av Songaelvi. Her ligg også urdi med ei fin lita naturleg innhegning som arabøndane har bruka i lange tider. I seinare tid er denne laga om til eit lite amfi med scene for underhaldning. Her har ein også historie å fortelje

 

For Rauland Historielag går turen tysdag 20. juni kl. 1200, og alle, som så nokolunde kan feta seg, er velkomne. Turen kan vanskeleg gjennomførast med rullestol.

13. juni går turen til Gjøsløys der Sullamrei er medarrangør.