I Tor sine fotefar  – gåtur nr. 2 med noko attåt.

«Torsvegen? Ja, det skiltet har eg køyrt forbi mange gonger, men eg har aldri gjenge der. Har tenkt tanken fleire gonger, men… Denne setninga vart ytra opptil fleire gonger i forkant av Frisklivssentralen i Vinje sin andre «historiske» tur. Denne gongen var det Rauland historielag med Birger Kjelingtveit i spissen som baud opp til vandring og sogeforteljing, og 72 nyfikne vinbyggjar møtte forventningsfulle opp. Det må vel seiast å vera hakket betre enn «ikkje så verst».

Allereie på 1700 talet vart historia om Tors-vegen skriven ned. Det var feiring i soknet kring Urdbø, og bergetrollet Tor var sjølvsagt innom for å smake godt å drikke. Det fekk han, men ikkje så mykje som han ynskte. Då tok eine bonden i bygdi med seg Tor heim til garden sin og gav han det han ville ha. Som hemn for at han ikkje fekk nok drikke, sette han den gode bonden i tryggleik, fyri han gjekk til toppen av Nipanuten. Der tok han fram den berømte hamaren Mjølner og slo berget i 1000 bitar. Dette gravla heile soknet, inkludert kyrkja i bygdi. Dessverre (eller heldigvis) mista Tor hamaren sin då han knuste fjellet. Denne måtte han ha att, og såleis gjekk det til at han rydda seg ein veg gjennom urdi. Då han endeleg fann att hamaren sin, såg han at han var halvvegs. Som takk for godt øl rydda han difor vidare slik at bonden skulle få ein fin ferdsleveg gjennom dette som vert omtala som Nord- Europas største steinur. Om dette er heilt sant, er sjølvsagt umogleg å vite. Men at vegen er der den dag i dag, og at han har vorte bruka til å frakte ting med hest og opptil 100 kg sekkar på ryggen, ja det er heilt sikkert.

Denne dagen var det nok ingen som bar 100 kg på ryggen, men soli skein og gjorde vegen gjennom Urdbøuri endå vakrare og meir tilgjengeleg enn han ser ut til når ein berre køyrer forbi. På førehand kunne Birger Kjelingtveit forsikre alle om at me ikkje skulle opp til toppen, noko som truleg roa nervene på eit par vandrarar. Det er ingen lang tur, men han innbyr til klatring på sidene fleire stader om du er ung og sprek, eller om du trur at du er det. Medarrangør Hylland (underteikna) observerte fleire tilfelle av slike vågestykke, og det var truleg slik – hoppande frå stein til stein i uri – dei gamle arabøndene klarte å gøyme unna våpen og anna utstyr under 2. verdskrig. Andre i turfylgjet kommenterte at det var ei lita ballanse tfordring  å koma seg fram innimellom om ein berre gjekk på vegen også, noko som berre gjere innsatsen til dei som har gått før oss endå meir imponerande. –  Og frisklivssentralen oppmoda alle som kjente på desse utfordringane om å bli med på trim til hausten. (OBS! Reklame…)

Etter turen gjennom uri samla fylgjet seg nede i Grindehola.  Dette er staden der arabøndene samla husdyra sine. Her kunne dei også halde dei skjulte under krigen. Grindehola er ei lita perle inne i uri på nedsida av vegen, og er i dag «drifta» av Arabygdi grendelag. Der er både scene og små krakkar å sitje på.  Rangvald Christenson inviterte til bruk av denne vakre plassen framover. Ein god stad å drikke kaffi og samle seg om gode ròur, var det også.

Gjennom uri og nede i Grindehola der ein rasta og fekk fortalt om Tor med hamaren.