Tur til Kvammen, Åmotsdal 08.08.20. Høve til å gå gamal ferdsleveg til Møsstrond.

Den 8.august 2020 kan Rauland Historielag by på ein tur til den gamle garden Kvamen i Åmotsdal.   Det er no ingen fast busetnad på staden, men eigarane tek godt vare på  bygningane, og bustadhuset er nyleg restaurert med  stønad frå riksantikvaren.

Kjentmann frå Åmotsdal Sogelag vil orientere på tunet.

Me satsar på private bilar, med  samkøyring for dei det er plass til.

Ein køyrer Sudbøvegen frå Groven, Åmotsdal, til Sudbø og parkerer der.  Sjå kart.

Frå Sudbø er det 4-500 m å gå etter god stig.

Etter vitjinga på Kvammen kan ein velje tur vidare:

  • Ein runde som felles tur til Bjåen.  Eit par km tilsammen.                        
  • Dei som ynskjer det kan gå vidare frå Bjåen mot Sandsetåi og fylgje den gamle rideevegen over Lifjell til Belarhaugen/Bosbøen. Denne turen er på vel 6 km.
  • Det er eindel stigning opp til Brureskaret, og relativt flatt vidare.  Lokalkjend turførar.

Turopplegget til Møsvatn vil krevje samarbeid om henting med bilar.  Dette kjem me tilbake til når turen nærmar seg.

Det er inga servering på turen, så alle må ta med mat og drikke etter behov.

Så er det berre å be om godt ver,  og elles kle seg etter veret.

Me satsar på frammøte på Sudbø kl 1100.

Spørsmål kan ein rette til Gunn Gardsjord, tlf. 458 74 053

Turen blir annonsert nærare.

NB: Det kan vere litt blautt innover der me skal gå. Ta difor med fjellsko eller støvlar. Det er mykje sau inne på Kvammen, med det det medfører.

Velkomen med på tur!

Starten ved Sundsbarmvegen på turen over til Belarhaugen og Møsstrond.
Kart over området med ridevegen over til Belarhaugen/Bosbøen.